Tur Til Andotten På Sørøya

1 MAI-30 SEPTEMBER

Vi har valgt å la Firda Tidend beskrive dette vakre fuglefjellet ved Sørvær på Sørøya. De var med oss en tur dit sommeren 2011 og hadde som dere ser mye godt å si både om oss og fuglefjellet:-)

FIRDA TIDENDmåndag 8 måndag 4. juli 2011 • FIRDA TIDEND 4. juli 2011 9

Fuglefjellet Andotten ved Sørvær er verd eit besøk. Ufattelege mengder sjøfugl låg på egg og ungar i det spektakulære fuglefjellet.

F.T.: Magnar Heimset

Elgjegernes Raafisklag på havfisketur ved Sørvær i førre veke tok konsekvensen av det og la turen innom.

Fuglefjellet er eit kjent landemerke. Det ligg like utanfor Sørvær på Sørøya i Finnmark og vert ofte kalla for "Lille Nordkapp".

Liknar

Fuglefjellet er eitt av dei mest fotograferte motiva på øya. Sjølve fellet har eit karakteristisk platå på 355 meter over havet og minner mykje om Nordkapp. I fjellveggen ut mot havet er det eit yrande liv av sjøfugl som hekkar, med mellom anna gråmåse, svartbak, fiskemåse, krykkje og skarv.

Nettopp på grunn av det rike fuglelivet vart Andotten freda som naturreservat i 1983. Føremålet med fredinga var å bevare eit viktig fuglefjell med tilhøyrande plantesamfunn, fugleliv og anna dyreliv som er knytt til området.

Fisket fekk vente

Elgjegernes Raafisklag har i mange år teke havfisketurar til Nord-Noreg. Vi har fleire gonger prøvd skreifiske frå Henningsvær i Lofoten. Siste åra har turen gått til Sørøya med eit eventyrleg fiske av hovudsakleg torsk og sei. I år reiste vi nordover jonsokaftan og hadde nokre fantastisk fine dagar om bord i katamaranen MB Havcruise med vindstille, mest flatt hav og til dels strålande sol. Finaste dagen prioriterte vi tur til fuglefjellet Andotten før vi sette kursen mot fiskefelta.

Sjølv om fuglefjellet er freda, er det lov å gå inntil med båt. Vi unngjekk naturlegvis å skræme opp fuglen, men likevel var besøket ei oppleving for livet. Hundretusenvis av sjøfugl av eit utal artar "limer"reira sine fast i sprekker og framspring i det loddrette- og til dels overhengande fjellet. Reira ligg tett i tett i store koloniar i heile den fleire hundre meter høge fjellveggen bortsett frå ei "daudsone" nede ved havflata der bølgjene naturleg nok ville vaska vekk det meste. Det er svimlande å tenkje på kva luftferd som ventar mange av fugleungane frå reiret til sjøen.

Skipper og guide om bord fortalde at om vi hadde fyrt av eit skot i lufta,ville all fuglen ha letta og svermen ville skugga for sola i vid omkrins.

Fotomotiv

Det seier seg sjølv at turen gav rikt høve til fotografering, og vi skulle gjerne ha kunna presentert ein heil fotomontasje i avisa. Vi var vanvittig heldige med vêret, det var havblikk, strålande sol og T-skjortetemperatur. Vi trur så gjerne på skipperen som gjorde oss merksame på at slike dagar er teljande der nord. Naturen på øya er berre heilt fantastisk. Haverosjonen på vestkysten har skore ut imponerande formasjonar i dei sedimentære bergartene som er pressa opp or havet av enorme naturkrefter gjennom millionar av år.

Masse fisk

Grunnlaget for dei store mengdene sjøfugl er naturlegvis dei enormt rike førekomstane av fisk i havet utanfor øya. For dei skal ha store mengder mat desse fuglekoloniane. Vi tok vår del av fisken, og fekk nesten uavgrensa mengder av sei og torsk pluss litt hyse, steinbit og brosme. Sidan vi er avhengige av flyfrakt til og frå, fileterer vi all fisken og frys ned filetane etter kvart. Dermed er årets forbruk av"fersk" fisk av topp kvalitet sikra.

Millionar av hekkande sjøfugl

* Sørøya ligg i Finnmark og vert kalla "den grøne øya". Ho ligg lengst vest i fylket, ytterst mot Lopphavet. Sørøya er største øya i Finnmark og den fjerde  største i Noreg. Øya er delt mellom kommunane Hasvik og Hammerfest.

* 93 % av folket på øya bur i Hasvik på vestsida. Hasvik kommune består av tettstadane Hasvik i sør, Sørvær i nord og kommunesenteret Breivikbotn som ligg i botnen av Breivikfjorden - "Lille Lofoten" - på vestsida.

* Sørøya har ein spesiell og flott natur. Der finst nesten ikkje tre, men det er utruleg grønt og frodig likevel. Her er mykje stein og bratte fjell. Øyas høgaste punkt ragar 653 m.o.h. og heiter Vatnafjellet. På nordsida av Sørøya er det to fuglefjell; Andotten - "Lille Nordkapp" - og Storgalten.

* Trass det nakne landskapet og det karrige jordsmonnet kan ein hauste mykje frå naturen. Det er svært rikt fiske både i sjøen og i ferskvatn på land, det kan jaktast hare og rype, ein kan plukke måseegg og sanke bær og sopp. Mengder av tamrein beiter på øya om sommaren.

* Vintrane kan være harde, med mørketid, mykje snø, storm og uver, stengde vegar, straumbrot og innstilte båtar og fly.

Fuglefjellet Andotten er eit kjent landemerke. Det vert ofte kalla "Lille Nordkapp" og er eitt av dei mest fotograferte motiva på Sørøya. Her hekkar hundretusenvis av sjøfugl som gråmåse, svartbak, fiskemåse, krykkje og skarv. Delar av fuglefjellet er overhengande fjell der fuglane klistrar reira sine fast til det som måtte finnast av sprekker og framspring.

Når ein zoomar inn med kameralinsa, ser ein tydeleg korleis fuglane utnyttar strukturane i fjellet til å feste reira sine.

Hundretusenvis av reir tett i tett

Priser

Kontakt Oss